Sjokk: Det er visst ikkje sunt å leve i fortida. Men altså, kven kan
eigentleg motstå den bittersøte nostalgien, altvarbetreførien..? Overraskande mange eg kjenner. (Eller tilsynelatnade mange, ikkje veit eg.) Istadenfor å tvihalde på fortida, slik eg gjer, tviheld dei på framtida - som om det er eit betre, sikrare alternativ. Høyrde nyleg om ein som unngår å bli fotografert, unngår å fotografere, nettopp fordi minnene ikkje skal halde han attende...slik at han kan fokusere på "skal bli" istadenfor "har vore".
Idealisten i meg vil "vere", leve ut augneblinken, strekke ut sekunda slik at dei blir elastiske, synlege og handterbare. Draumaren vil spinne meg ei framtid der grønehuset, eg, verda - alt er renovert. Og melankolikaren lar meg bade i minner, gode og vonde; eg kan gå på skattejakt i min eigen hukommelse, oppdage stadig nye ting, sjå situasjonar i nytt ljos.
Eg bruker tida mi til å fundere over tid. Vel utnytta tid, tykkjer eg.
9 kommentarer:
Enig! Jeg leser gjennom mine egne gamle skriblerier og innser at det stort sett er én ting som går igjen i alle poetiske finurligheter: tid! Tidsbegrep. Nostalgi. Det går ikke an å leve i framtida...vi har ikke minner om framtida. Men vi kan leve i nuet og i fortida. Innimellom henter jeg frem fjærpenn og blekkhus. Det er det nærmeste jeg kommer en tidsmaskin, men det gjør meg lykkelig!
Jysla bra skrive, og gjenkjennbart! (hehe, bart)
(Forsøk på) trøyst: notida eksisterar ikkje. Seier vi "no", er augeblinken allereie forbi.
NO! (ah, for eit herleg nostalgisk augeblikk det der var).
Kozemozenoztalgioverdoze
Du skriv nydelig, Runa.
Åh, Ingvild! Du eksisterer <3
Eg likar at de på ein måte utvidar innlegget mitt i kommentarane dykkar (:
Takk!
Eigentleg er tidsbegrepet vårt ein smule vrengd. Ein har levd i fortida, ein kjem til å leva i framtida, men ein lever ikkje i noko tidsrom. Me er levande gjennom dei alle. Tida fyk heller ikkje i frå oss. Den kjem då alltid til å vera der. Sjølv om den ikkje er den same notida som var i går, er den då framleis notid. Og du kan sjå tilbake på deg sjølv for eitt år sidan, smila breitt og segja stolt, med nasen høgt i sky: "Du heng etter! Eg har kome meg vidare, har eg, du slappfisken som sit der og ikkje tek deg noko til." Ikkje nok med det; du har òg fleire minner, fleire val på kva du vil hugsa eller sjå fram mot, fleire tankar og meir kunnskap. Du er rik vorten. Framtid er ikkje berre om alt som skal koma, men om alt du har fengje når den tida endeleg vert 'no'.
Då var det sagt. So for å ta vare på filosofien sitt gode namn og rykte, kjem eg herved til å tegja still.
Eg høyrdest veldig lærande ut der, gjorde eg ikkje.
Nokre gongar burde tida hatt ein tilbake-knapp, so me kunne retta på ting. Men; eg antar at det å feila er ein måte å læra ansvar på.
Tegjer still frå no av. Meg ut.
Neidå, eg ser den. Me har vel eit grunnleggande vrengd tidsomgrep, men det ligg vel i tida sitt "vesen" at den skal vere vanskeleg å forhalde seg til. Det vanskelegaste, kanskje.
(Forresten -
Var det du som skreiv "Kongepudler"? Eg veit kvar du bur! Cirka..)
For å vera heilt ærleg, er dette fyrste gongen eg høyrer om boka. So med mindre det var Dr. Jekyll til min Mr. Hyde som skreiv den, var det nok nokon andre. Orsak.
Hey liker innlegget!;)
Eg tror som sagt det er viktig med en balanse. Litt nostalgi er greit, men ruger en alt for mye på ting som skjer med en kan en jo bli litt gal. Det samme gjelder jo også om du er alt for framtidsrettet og glemmer å ta lærdom fra det som har hendt deg, det som faktisk på mange måter gjør deg til, ja nettopp deg! Innimellom er det også viktig å nyte øyeblikkene eller nåtiden om du vil, slikke sol og høre på fuglene. Og så er vi jo alle litt forskjellig!
Det er rett og slett som med mat og mye annet, du må ha et balansert kosthold som er tilpasset deg!:)
Haha, super vagt egentlig, men det er jo sannhet i det vil jeg si, eller?
Håper du har hatt/har/vil få en riktig god påske! - Reidun
Legg inn en kommentar