søndag 2. mai 2010

Er han daud, bloggen?

NEI!

Her er det ingenting som er daudt; alt er i live, det pustar, spirer og helsar våren velkomen med jubel og glede! Nyleg, meir nøyaktig i dag tidleg, var eg i Danmark og såg meg ikring. Og der kan dei verkeleg dette med vår. For det første kallar dei våren "forår", eit ord eg syns er utrulig vakkert (med mindre ein uttalar det på dansk. Fåøærråøærr cirka). For det andre er det så mykje varmare og frodigare der enn her - folka er mykje varmare og frodigare der enn her. Verkeleg. Dessutan er dei mykje gode på å arrangere konfirmasjonar, noko eg fekk erfare denne helga. Det vart ein uhøgtidleg høgtidsdag. Dei norske gjestane vart mette og nøgde, og me var alle einige om at det er slik det skal og bør gjerast. Me kom vel fram til at det generelt rett og slett er latterleg deilig å vere norsk i Danmark, hurra!

Og fordi det første ordet i dette innlegget i seg sjølv er eit nektande og negativt ord, vil eg avslutte på følgande vis: Med eit positivt utrop og eit bilete av ei dansk stokkand som flørtar med ei anna dansk stokkand.

JA!

5 kommentarer:

June sa...

Herle! Nydelege, velklingande ord, og nydeleg bilete :)

Karoline H. Spilling sa...

Endelig oppdatering :D Danmark er best. Virkelig.

Linda sa...

HURRA! nytt INNLEGG! du e best.

Anonym sa...

Er ikkje vevsloggen daud?

...

Olaf! Me er framleis ikkje ferdige! Hent det-du-veit, dei lever enno!

Reidun R sa...

Opdatering = HURRA!:)