tysdag 25. mai 2010

Dyredag

I går reiste eg rundt i Gulen på
dyrejakt - men ikkje for å skyte dei, for å KOSE med dei! :-D Det var ein veldig fin dag med mange inntrykk og uvante lukter.Og ein god del fotografering, så klart.
Hos Jorunn møtte eg ein mafiakattebande. De ser gudfaren kjem bakerst til venstre. Han har ein forkjærleik for ekstremsport og har nyleg blitt påkøyrd to gongar. Verkar veldig nøgd med det. Då eg stod opp om morgonen er eg sikker på at det var det han prøvde å fortelje meg. For då eg såg ut døra, sette han augo i meg og sa "MEOEOEOEOEOEOEO!" (Nokon som snakkar katt, som kan oversetje, please?)


Jorunn og dei har PLUTSELEG ein hest i hagen, noko me så klart måtte nytte oss av. Eg reid (..? Usikker på bøyginga av "å ri", har sjeldan bøygd det eller gjort det)!

Og etterpå reiste meg og farsan til onkel for å sjå på dei nye sauene hans, 20 stk villsauer. Dei hadde tydeleg venta på oss og blitt fortalt at eg kom til å ta bilete, så dei stilte umiddelbart opp for å få tatt eit familieportrett.

Finaste sauene. Kan ikkje fatte kvifor dei blir kalla villsauer (...), dei er jo så koselege og sosiale. Og ikkje minst særs fotogene.

 




Sauer er dei morsomaste dyra eg veit om!

Eg har sett på desse bileta i ein time i strekk no, og ledd like hardt kvar gong den halv-skinna sauen dukkar opp. Når det er sagt, vurderer eg å lage ein eksklusiv saueblogg, der eg legg ut bilete frå mine framtidige sauesafariar. Kven veit, kanskje det går an til å gjere karriere ut av slikt..?

12 kommentarer:

Karoline H. Spilling sa...

Det er DET jeg sier! Kan noen hooke meg opp med en sauebonde, snart?

And by the way: I'm not brave. I'm scared shitless.

Jorunn sa...

So kjekt ditta va!!! ja!! =)=)
(BL samtykker)

Didrik sa...

Katten sitt utsegn:

"Hei, eg vil ha mat. Masse mat. Og ein plass å liggja og dra meg. Og helst skal begge delar vera på stadar der du minst vil ha meg."

Runa sa...

Haha! Men Didrik, heiter ikkje du eigentleg Endre?

Didrik sa...

Nei? Ikkje det eg veit.

Runa sa...

Jo!

Anke sa...

Å, så mange fine dyr! Jeg hilste på sauer på Bogstad Gård igår (det er et av mine favorittsteder i verden som jeg vil vise deg hvis du kommer og besøker meg i Oslo en gang)! Runa, jeg kommer til å savne deg masse mens jeg er i Sør-Afrika, og gleder meg allerede til å se deg igjen på nyåret! Du er ei knakanes herleg jente!

Didrik sa...

@Runa: Nei. Eg er heilt sikker på at eg heiter Didrik og ikkje noko anna. ^_^

Runa sa...

Du er så bra, Ann Christin, og eg kjem til å sakne deg òg ein heil bråte, ja, fleire lass! Men det er absolutt eit lyspunkt at du kjem att til vårsemesteret og jagar kulda og mørkret bort :-)


@"Didrik" Skal me VEDDE?

Didrik sa...

Kva er det å vedde på? Namnet er Didrik, og det er det. :p

Runa sa...

Skjønar ikkje bæret. Men Beklager. Didrik..:)

Sara Spilling sa...

Runa! Du skriver så morsomt og underholdende! Håper du fortsetter å skrive her :) jeg følger med.

Og igjen takk for fintfint besøk både i Stockholm og på heia. Dere er et fint knippe godtfolk :)