Eg hadde, med hjelp frå mor mi, komme fram til at eg for ein gongs skuld burde gå til ein profesjonell frisør (og ikkje berre oppfordre tilfeldig forbipasserande til å klyppe håret mitt). I ein ljos augneblink i dag ettermiddag, fann eg ut at eg skulle sjå innom hårsalongar for å sjekke prisnivået på ein stuss, slik at eg kunne tinge ein time for seinare i veka. Men det utarta seg typisk nok litt annleis, ettersom eg endte opp hos den første frisøren eg gjekk inn til.
Slik hendte det:
[Tilfeldig frisørsalong. Tenk shabby, tenk avsides, trangt og tomt. Éin stk oversminka frisør med hår som ser ut til å ha cirka Muppetpels-tekstur, ventar desperat på drop-in-kundar. Ung jente droppar inn.]
UNG JENTE: Øh...Kor mykje tar du for ein stuss?
FRISØR: 340 kroner. [Gjer mine til å gjere seg klar for stuss.]
UNG JENTE: [Ser blank ut.] Åh. Eg berre går rundt og sjekkar prisnivået hos ulike frisørar, eg.
FRISØR: Neineinei, du vil ikke finne noe billigere! Litt lenger borte tar de 1000 kroner!
UNG JENTE: [Ser ut til å tenke seg om eit sekund. Sekundet går fort over.] Men då får eg det berre overstått her og no, då, dersom du har tid.
FRISØR: [Har så klart bøtter av tid.]
Og deretter sit eg i stolen i uendeleghetar medan ho fortel om heimlandet sitt og spør meg ut om kjærastane mine. Ho seier mellom anna at eg ser ut som at eg er 16 og at nabofrisøren er ein idiot. Etter at eg har fortalt om grunnen til at eg ikkje går til frisørar så ofte (nemleg at dei ikkje gjer som eg ber dei om), gjer ho noko eg ikkje har bedd henne om; ho "stylar" håret mitt. Det vil seie, klæsjar haugar med skum midt oppå hovudet og grev bestemt i hårbotnen med ei børste eg heilt sikkert vil møte att i fleire mareritt framover. Vondskapen kan samanliknast med den omstendelege tannsteinjakta tannlegen alltid insisterar på. Då ho er ferdig med å style håret, stussar ho litt til og erklærar seg ferdig. Eg kjenner meg forulempa, naken, men smiler, seier takk og "åh, så fint du klypte i nakken", betalar og går.
Til deg som les dette: Har vi ein laus avtale om at du stussar håret mitt neste gong det trengs?
Not ready for it
10 timer siden
6 kommentarer:
Mamma melder seg frivillig. Men kan ikke garantere at hun følger dine instrukser/tanker. Drop-in på prestegården i Grimstad.
Japp, i will! Men eg vil no sjå deg først :)
-Goa
Eg vil sjølvsagt!
Done deal! Kan gjøre det gratis, og helt uten hårskum!
Oidå, eg kjem til å få svært så kort hår etter kvart..! ^^
Legg inn en kommentar