onsdag 6. januar 2010

Det er ikkje berre-berre å ha så lang juleferie, skal eg seie deg!

Nei, det er det då verkeleg ikkje. Ein byrjar å tvile på kva spesialisering ein skal velje; allmenn litteraturvitskap eller engelsk litteratur - eller begge deler. Har verkeleg ikkje peiling på kva som passar meg best, sjølv etter å ha fundert på det dag-ut-og-dag-inn, fire veker i strekk. Og dette fører med seg ei anna uro - har eg rett og slett valt feil retning? Burde eg bli interiørarkitekt i staden? Eller hjelpe verda på fote att etter ein master i Miljø- og utviklingsstudier?

No sit eg og fabulerar. Dette er eg vanlegvis svært god til, både å sitje og å fabulere. Men eg kjem ikkje nokon veg. Eg har møtt på mine heimesnikra veggar (-i massiv mahogny, dersom nokon skulle lure). Difor vender eg meg til dei av dykk som har kjent meg ei stund og de eg studerer med: Hjelp..!

Alternativa i relativt tilfeldig rekkefølge
  1. Allmenn litteraturvitskap.
  2. Engelsk litteratur.
  3. Dobbel spesialisering i allmenn og engelsk.
  4. Hoppe på nytt studie etter jul.
  5. Hoppe på nytt studie etter sommaren.
  6. Kapitulere og flytte ut i skogen med kattane mine og bli trygdesnyltar først som sist.

Det er forresten ikkje så veldig krise om eg vel feil. Berre litt.

9 kommentarer:

E.T. sa...

Eg ville anbefalt deg ålmenn litteraturvitskap. Eller engelsk litteratur. Eller dobbel fordjuping. Eller nytt studie etter sumaren igjen.

Hmm... du veit vel best sjølv. Men eg trur at viss eg var i din situasjon (i forflata forstand, so klårt), då ville eg valt spesialisering i ålmenn litteraturvitskap.

Vibeke sa...

DU e søtare enn katten! ;) Eg har forresten ei julegåve te deg som du må få.. Litt på etterskudd, men eg traff deg jo ikkje før jul. Så då har du noke å gleda deg te:)

Runa sa...

HURRA for julegåve! Og takk for gode råd; du er ein ganske så reflektert sak, Endre:)

June sa...

Veit du Runa, eg har nokre engle/alve/fe-kort som eg pleier å ty til i slike kritiske situasjonar, for litt Goddummeleg rettleiing i mange av livet sine store spørsmål, som kva ein skal spesialisere seg i. Øskja med kort ligg i kuforten ved sidan av mi seng; ønskjer du at eg skal trekkje eit for deg? Viss ja, vil du få eit råd a.la "follow your dreams" eller "detoxication" (!). Sjølv trakk eg førstnemnde for ei stund sidan, og var svært nøgd med det i den aktuelle situasjonen ;)

PS: Takk for at du bringer fram det beste (les: mest nynorske) i meg! ;D

Linda er kul sa...

Definitivt den siste! Ta med bibel og ullpledd.

Ann Christin sa...

Så mye som jeg liker ideen om å flytte ut i skogen, så stemmer jeg nok heller for at du blir på litteraturstudiet! Vi har jo bare så vidt rukket å bli kjent med deg! Du kan ikke stikke av nå, for da kommer vi på skogsjakt!!


Og her kommer en dårlig gjemt hemmelighet: Anke (meg selv altså, ja, jeg er fan av å snakke om meg selv i alt annet enn 1. person!) har AKKURAT SAMME PROBLEMSTILLING SOM DEG! Hun tenker faktisk akkurat de samme tankene, og kunne laget akkurat den samme lista i akkurat like tilfeldig rekkefølge!

Forslag: skal vi klage vår nød til hverandre på kafé i Bergen neste uke, og satse på at det faller en god plan ned i hvert av fangene våre? (Kan man forresten bøye "fang"?)

Karoline Hildre sa...

dridogbæsj. Stakkars deg. Jeg vet at du ville vært briljant på alle punkter, klarer ikke velge for deg. Men jeg ønsker deg lykke til med valget! Måtte det glede mange sjeler og være et fruktbart valg for framtiden din. I believe in you.

Runa sa...

Og veit du kva, June? Søstra mi har nett same korta!! Så de kan trekke eit kort kvar, og så legg vi saman verdien av desse to og finn Svaret. Haha, nynorskmessig, forresten;)

Det hellar vel mest mot å fullføre andre semester, altså, men er så usikker at berre æsj. Anke og Runa på kafé høyrest ut som eit godt middel mot motløysa, eg er FOR!

Åh, kor eg likar at du tyr til Bee Gees-sitat, Karoline..<3

Synøve sa...

JEg stemmer for Engelsk og allmenn litteratur!