Oppfordringar:
- Dersom du har Spotify, men ikkje Premium - skaff! Ver snill med musikkbransjen. Særleg når det er jul og dei jobbar ræva av seg for å loppe oss for pengar :)
- Til nynorskbrukarar: lat dykk provosere av at bokfolket, som jo tradisjonelt er våre vener, sviktar. Til og med på Norli er det ikkje mogleg å finne til-frå-lappar, berre til-fra. Eg gjer konsekvent a'ane om til å'ar. Oppfordring. Samhandling. Aksjon merkelapp.
- Ikkje sjå Christophe Honorè-filmar. Berre lat vere.
- Lag marshmellows frå botn av!
- Smil til ein framand. Dersom du ikkje veit kven du er - smil til deg sjølv.
- Les ei bok, såklart. Gjerne Forføreren av Jan Kjærstad.
- Og ha ei finfin førjulstid! :)

4 kommentarer:
Til Runa frå June:
Eg tykkjer svært mykje om dette blogginnlegget - og denne bloggen generelt :) Og ynskjer forfattaren ei knakandes god jul!
ok. skal bli;)
Vrolijk yule!
Takk & takk & takk!
Legg inn en kommentar