måndag 23. november 2009

Do-litteratur

Sydneshaugen er digert. Ein kjenner seg så liten der ein går rundt i ein labyrint av gongar på leiting etter eit toalett. Men når ein omsider finn toalettet, set seg ned og ser seg rundt, merkar ein at ein ikkje er aleine om å kjenne seg liten av og til.


Eg (skrudde av lyden på mobilen og) tok bilete for å dokumentere det:




søndag 11. oktober 2009

Procrastination blues

Ein tolv-taktars blues improvisert over eit emne som ikkje interesserar meg, i ei særdeles desperat stund. Ciss-dur.

Filosofar er rotne
Eg tippar dei visste at eg kom til å sitte her og måtte skrive om dei, og at dei filosoferte så mykje og så vanskelig berre for å provosere nettopp meg.
Ein dag skal eg ta hemn.
Men foreløpig sit eg her med mine 93 av 1500 ord om ingenting.
Eg prokrastinerar. Eg er blå.
[Plystresolo]

søndag 4. oktober 2009

Kulda setter inn


Brrrrrrrr!


Det er oktober og allereie iskaldt! I natt la eg meg med hue og vakna med snue. Korleis skal det gå i november, for ikkje å seie desember?!?

fredag 25. september 2009

Alba, den sjølvlysande kanina


"Eit døme på Kac sin transgenetiske kunst er prosjektet Genesis, der han laga eit "kunstnargen", det vil seie eit syntetisk gen som ikkje finst i naturen. Han skapte dette genet ved å omsetje ei setning frå Skapingsskildringa til morsekode, og deretter blei denne morsekoden omsett til ein DNA-sekvens. Det resulterande genet vart så brukt til å skape sjølvlysande algar. Det neste prosjektet hans var å lage den kunstige kanina Alba ved å klone eit gen frå sjølvlysande maneter inn i eit befrukta kaninegg."

Eg skal skrive seminaroppgåve om kunst og moral og skal ta utgongspunkt i debatten om dette "kunstverket" til Eduardo Kac. Noko seier meg at eg kjem til å ha vanskar med å argumentere for at dette er moralsk forsvarleg...

tysdag 22. september 2009

Kjære Aristoteles

Han kan få sagt det.

Ei god framstilling er som ein fisk. Den har hovud, kropp og hale; først
seier du kva du skal seie, så seier du det, og så seier du kva du har
sagt.

Malen for ein akademisk tekst er altså å gjenta seg sjølv minst tre gongar. Check!

fredag 18. september 2009

Er det berre eg -

...eller er folk litt treige på bloggefronten for tida?

fredag 11. september 2009

Min mini

I dag henta eg min Amilo Mini på politistasjonen. Ja, då har eg vore der òg. Sjekka ut systemet frå innsida, liksom. Det er ikkje kjekt når folk stel tinga dine, og iallefall ikkje når det i stor grad er din eigen feil. Fekk meg ein lærepenge der, altså. Men eg har ikkje planar om å byrje på eit nytt og betre liv. Kva er eit bra liv? Eg er i ferd med å byrje eit annleis liv. Eit annleis liv frå det eg er vant til. Tenke seg til at eg kjøpte sib-treningskort... Det er berre eit handfast prov på at alt er mogleg!